Ǫ (kjend som «o med kvist», caudata, eller ogonek) er ein bokstav frå det latinske alfabetet. Han er i Noreg kjend frå norrøn tid, og vart uttala som ein låg, bakre, runda vokal, som kan jamførast med den norske å-ljoden i dag, men har jamnt over utvikla seg til ein [ø]- eller [ɔ]-ljod. Det fanst òg ein lang ǫ-ljod (ǫ́), men han fall saman med lang a (á) innan 1250. I gammalislandsk forsvann ogso den korte ǫ-ljoden ved at han fall saman med ø og i moderne islandsk vert no skriven med bokstaven ö.http://www.hf.uib.no/i/Nordisk/grammatikk/kapittel-v4/Kap%202%20Norr%20Gramm.pdf Når ǫ ikkje er tilgjengeleg, vert han ofte bytt ut med ö.

Ǫ merkjer ofte ein nasal o-ljod [õ], som ein nyttar i til dømes ymse amerikanske urfolksmål som navajo og apache, sovel som omsetjing av kyrkjeslavisk. Bokstaven vart og nytta i sein urslavisk saman med ę (uttala høvevis og ). Uttala gjekk seinare over til , men i moderne polsk har kort gått tilbake til ein nasal o (skriven ą), denne gongen open.

I Unicode har bokstaven kodane U+01EA (Ǫ) og U+01EB (ǫ).

Kjelder

Sjå òg U-omljod Ę Ą

Kategori:Norrønt Kategori:Det latinske alfabetet