mini|Namnetrekket til teaterkvinna Judith Malina.
Judit eller Judith er eit kvinnenamn av hebraisk opphav som tyder 'jødinne' . Ei sideform av namnet er Juditte, med kortforma Jutta
Judit har i Noreg namnedag 10. desember.
mini|Judit måla av Szemlér Mihály i 1868.
Bruken av namnet i Noreg Populariteten til namnet var den første delen av 1900-talet med ein topp i mellomkrigstida. I folketeljinga frå 1801 var det 66 som hadde namnet i formene Judit, Judith, dei fleste i Nord-Trøndelag og Nordland I 1900 var 306 personar som var listeførte med namneformene Judidt, Judidth, Judihdt, Judiht, Judit, Judith, Juditt, no flest i fylka rundt Oslofjorden. I 2008 var det 2049 med Judith 200 til første fornamn, 322 heitte Judit
Judit som bibelsk namn Judit (Judits bok) er ei av Dei deuterokanoniske skriftene . Boka handlar om Judit – ei gudfryktig enkje i Betylua. Etter henne har vi Judits lovsong.Judits bok i bibel.no
mini|Judith Butler. Kjende namneberarar Judith Butler (f. 1956), USA-amerikansk sosiolog, filosof og kjønnsforskar Tove Judit Næverdal (f. 1957), norsk biletkunstnar Judit Polgár (f. 1976), ungarsk sjakkspelar
Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Folketeljingar i Digitalarkivet
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av hebraisk opphav Kategori:Namn knytte til jødedommen Kategori:Namn knytte til kristendommen
fr:Judith#Sens et origine du nom