mini|Ein tidlegare type trikk (sporvogn) i Oslo, samansett av ei motorvogn som dreg ein motorlaus tilhengar. Slike motorvogner gjekk òg ofte utan tilhengar. Trikkane trengde ei sporsløyfe for å kunne snu og køyre attende same vegen, då det berre var førarplass framme i motorvogna. mini|Ein Oslo-trikk, motorvogn med tilhengar, bygd i 1913. Dei eldre trikkane i både Noreg og andre land var på liknande vis ei motovogn som kunne køyre åleine, men som kunne få tilkopla ei eller to motorlause vogner når dette var naudsynt. Seinare vart det ikkje uvanleg at to motorvogner vart kopla saman i tog, både på forstadsbanar og på bytrikknettet. mini|Motorvogn med tilkopla vogn på Ofotbanen. Slike togsett kunne kjørast att og fram utan å snuast, då det var førarplassar i båe vognene. Dersom det var meininga at motorvogna skulle kjøyrast åleine, var det førarplass i kvar enda av vogna. mini|To motovogner samankopla i tog på forstadsbanen Røabanen i 1958. Båe motorvognene har føararplass i kvar ende, og kan køyrast kvar for seg. Ei motorvogn på skjener er ei sporvogn (trikk) eller jernbanevogn med eigen motor. Motorvogna skil seg frå eit lokomotiv ved å ha særskild tillaga rom for persontransport og/eller godstransport, medan lokomotivet er utan. Lokomotivet kan såleis ikkje nyttast på anna vis enn til å trekke person- og godsvogner med, medan ei motorvogn gjer nytten utan tilkopla vogn eller vogner. Nyare persontog er vanlegvis bygde som faste motorvognsett med fleire vogner, slik at bruk av lokomotiv i persontog vert stendig meir sjeldsynt.

Motorvogner brukt i Noreg Elektriske NSB type 62 NSB type 64 NSB type 65 NSB type 66 NSB type 67 NSB type 68 NSB type 69 NSB type 70 GMB type 71 NSB type 72 NSB type 73 Forbrenningsmotorvogner NSB type 83 NSB typane 86 og 91 NSB type 87 NSB type 88 NSB type 89 NSB type 92 NSB type 93 NSB Y1

Av dei elektriske motorvognene blir type 69 og 72 brukt til lokaltog, type 71 for Flytoget, type 70 for mellomdistansetog og type 73 for ekspresstog.

Av dieseltoga blir type 92 og 93 brukt for både lokaltrafikk og langdistansetrafikk på Rørosbanen, Meråkerbanen og Nordlandsbanen. Y1 blir brukt på Bratsbergbanen.

Dei øvrige motorvognene er ikkje lenger i teneste.

Sjå òg Skjenebuss

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Motorvogn» frå , den 7. desember 2008.

Kategori:Jarnbane Kategori:Motorkøyretøy