Accelerate er eit musikkalbum av den amerikanske musikkgruppa R.E.M. som vart utgjeve i 2008. Arbeidet med albumet byrja tidleg i 2007. Bandet starta innspelinga saman med produsent Jacknife Lee i Vancouver og Dublin, der dei spela fem kveldar mellom 30. juni og 5. juli i Olympia Theatre, som ein del av ei «øving til arbeidet».
Albumet debuterte som nummer to på Billboard-listene, og vart det åttande albumet til bandet som toppa dei britiske albumlistene. Musikkmeldaren i Rolling Stone, David Fricke, rekna Accelerate for å vere ei betring etter dei andre albuma som hadde kome etter at Berry hadde slutta. Han kalla det «ei av dei beste platene R.E.M. nokon gong har laga.»
Innhald Alle tekstane og melodiane er ved Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe.
«Living Well Is the Best Revenge» – 3:11 «Man-Sized Wreath» – 2:32 «Supernatural Superserious» – 3:23 «Hollow Man» – 2:39 «Houston» – 2:05 «Accelerate» – 3:33 «Until the Day Is Done» – 4:08 «Mr. Richards» – 3:46 «Sing for the Submarine» – 4:50 «Horse to Water» – 2:18 «I’m Gonna DJ» – 2:07
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Accelerate (R.E.M. album)» frå , den 7. desember 2008.
Buckley, David: R.E.M.: Fiction: An Alternative Biography (Virgin, 2002)
Fotnotar
Kategori:Musikkalbum frå 2008 Kategori:R.E.M.-album