Matrikkelgard er ein gard som er registrert i matrikkelen med eit gardsnummer.
Ein matrikkelgard er eit område som som oftast tilsvarar ein grunnkrins. Utstrekninga av området er i utgangspunktet basert på den opphavlege garden med same namn som låg på same stad. Dei fleste matrikkelgardane fekk gardsnummeret i matrikkelen 1886. Ein matrikkelgard er delt inn i eitt eller fleire bruk, gjerne med eit bruksnummer.
Oversynet over gardar i matrikkelen vart gjerne laga i samband med å rekna ut kor mykje skatt kvar gard skulle betala. Av dette kjem nemninga Matrikkelskuld, som var knytt til kvar matrikkelgard.
Bakgrunnsstoff Matrikkelutkastet av 1950, ei samling av omtrent 85.000 lister over fast eigedom i Noreg Registreringssentral for historiske data; matrikkelen for 1886 Registreringssentral for historiske data; matrikkelen for 1838
Kategori:Grunneigedom