mini|Peggy Shippen, gift med generalen Benedict Arnold som kjempa for begge sider under den amerikanske sjølvstendekrigen. mini|Peggy Whitson, amerikansk astronaut. Peggy eller Peggie er kvinnenamn som oppstod som ei engelsk mellomaldersk kjæleform for «Margaret», som òg kan ha kjæleformene «Meggie», «Meg(s)» og «Peg(s)». «Margaret» har oppghav i greske «Margarites», som er danna av persiske margaron, 'perle'.

Bruk Namnet blei vanleg som døypenamn i USA, og blei særleg mykje brukt i 1930- og 1940-åra, då det var blant dei 50 mest gjevne namna. Sidan 1990 har det vore mindre brukt. Det var dette året 314 009 eller 0,2 % kvinner som heitte Peggy i USA, og namnet var det 101. mest brukte.

I Noreg var det 369 kvinner som heitte Peggy i 2008.

Kjende namneberarar Personene i listen er ordnet kronologisk etter fødselsår. Peggy Lee (1920–2002), amerikansk artist Peggie Castle (1927–1973), amerikansk skodespelar Peggy Noonan (f. 1950), amerikansk forfattar Eva Peggy Stensønes (f. 1952), norsk songar Peggy Rathmann (f. 1953), amerikansk forfattar og illustratør Peggy Rajski, amerikansk regissør Peggy Hessen Følsvik, norsk fagforeiningsleiar

Annan bruk av namnet «Peggy Sue» er ein song av Buddy Holly frå 1957.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peggy» frå , den 12. desember 2008. behind the name Social Security Administration i USA

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av engelsk opphav