Sven Hannawald () er ein tidlegare tysk skihoppar.
I sesongen 1998/99 kom han på 5. plass i verdscupen samanlagt. I 2000 blei han for fyrste gong verdsmeister i skiflyging i Vikersund.
Vinteren 2001/2002 blei Hannawalds største sesong. Som første hoppar i historia, vann han alle fire enkeltrenna i hoppveka. Som første hoppar forsvarte han verdsmeistertittelen i skiflyging, og under OL i Salt Lake City vann han gull i lagkonkurransen og sølv individuelt. I verdscupen kom han på 2. plass.
I sesongen 2003/2004 gjekk det tyngre enn venta, det beste resultatet blei 4. plass i Trondheim.
Våren 2004 blei det kjent at Hannawald leid av såkalla utbrentheit, og at han mottok behandling på ein spesialklinikk. Han la offisielt opp i 2006, etter 2 års fråvære frå verdscupen. Han orka ikkje å trena seg opp igjen, og jobbar nå som ekspertkommentator for tysk fjernsyn.
Nåverande bakkerekordar:
Zakopane (145 m)
Titisee Neustadt (145 m)
Čerťák (212 m)
Kulm (214 m) (Cristian Nagiller fall på 220)
Hannawald bur i Berlin.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sven Hannawald» frå , den 13. desember 2008.
Kategori:Tyske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skiflyging Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2002 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1999 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2001 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2003