Voksetarar, Indicatoridae, er ein familie av spettefuglar som lever i den tropiske del av «den gamle verda». Dei fleste artane finst i Afrika, to artar lever i Asia.
Skildring Mest alle artane har fjørdrakt i avdempa farger, med somme unnatak for artar med lys gul fjørdrakt. Alle har lyse ytre halefjør, og hos dei afrikanske artane er desse fjøra kvite.
Dei fleste artane i familien er blant dei få fuglane som regelmessig et bivoks. Artar i slekta Prodotiscus beitar truleg vokssekret frå skjoldlus, også i mindre grad somme artar i Melignomon og dei minste artane i Indicator. Anna diett er larver i bikoloniar, insekt, edderkoppar og i nokre tilfelle frukt. Mange artar beitar i flokkar med blanding av individ frå ulike voksetarartar.
Det engelskspråklege namnet på familien, ’honeyguide’, kjem av at ein eller to artar i familien kan vise veg til bikoloniar. Somme meiner det kan oppstå samarbeid mellom store pattedyr og voksetarar ved at dyra opnar strukturar og et honning slik at voksetarane får tilkomst på restar av voks og larver. Dette er dokumentert for arten honninglos.
Ein kjenner hekkevanane til åtte artar i slektene Indicator og Prodotiscus. Alle desse er hekkeparasittar som legg eitt egg i reir hos ein annan art, og held fram i ein serie på fem egg i løpet av fem til sju dagar. Dei fleste vertane er hòlrugarar, ofte skjeggfuglar eller spettar, men Prodotiscus parasitterer artar med vanlege reir som for eksempel brillefuglar og songarar. Ungar av voksetarar er kjent for å vere i stand til å drive ut eller drepe verten sine ungar eller punktere egga hos verten. Nebbet til voksetarungane har ein krok som passar til denne åtferda. __NOTOC__ Artslista mini|høgre|Skjelstrupevoksetar, Indicator variegatus Voksetarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Slekt Prodotiscus Sotsnyltefugl, Prodotiscus insignis, Cassin's Honeyguide, LC, Cassin, 1856 Alvesnyltefugl, Prodotiscus zambesiae, Green-backed Honeyguide, LC, Shelley, 1894 Bleiksnyltefugl, Prodotiscus regulus, Wahlberg's Honeyguide, LC, Sundevall, 1850
Slekt Melignomon Kongosnyltefugl, Melignomon zenkeri, Zenker's Honeyguide, LC, Reichenow, 1898 Gulbeinsnyltefugl, Melignomon eisentrauti, Yellow-footed Honeyguide, DD, Louette, 1981
Slekt Indicator Dvergvoksetar, Indicator pumilio, Dwarf Honeyguide, NT, Chapin, 1958 Skuggevoksetar, Indicator willcocksi, Willcocks's Honeyguide, LC, Alexander, 1901 Bleikvoksetar, Indicator meliphilus, Pallid Honeyguide, LC, Oberholser, 1905 Skjeggvoksetar, Indicator exilis, Least Honeyguide, LC, Cassin, 1856 Tjukknebbvoksetar, Indicator conirostris, Thick-billed Honeyguide, NR, Cassin, 1856 Gråvoksetar, Indicator minor, Lesser Honeyguide, LC, Stephens, 1815 Flekkvoksetar, Indicator maculatus, Spotted Honeyguide, LC, Gray, 1847 Skjelstrupevoksetar, Indicator variegatus, Scaly-throated Honeyguide, LC, Lesson, 1830 Gulgumpvoksetar, Indicator xanthonotus, Yellow-rumped Honeyguide, NT, Blyth, 1842 Gulskuldervoksetar, Indicator archipelagicus, Malaysian Honeyguide, NT, Temminck, 1832 Honninglos, Indicator indicator, Greater Honeyguide, LC, Sparrman, 1777
Slekt Melichneutes Lyrevoksetar, Melichneutes robustus, Lyre-tailed Honeyguide, LC, Bates, 1909 Kjelder
Short, Lester L., (1991) Forshaw, Joseph. ed.. Encyclopaedia of Animals: Birds, London: Merehurst Press. pp. 155. ISBN 1-85391-186-0. Friedmann, Herbert, (1955) The Honeyguides, U.S. National Museum (Bulletin 208). Short, Lester og Jennifer Horne, (2002). Toucans, Barbets and Honeyguides, Oxford University Press. ISBN 0-19-854666-1. Referansar
Kategori:Spettefuglar Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen