Siri Beate Hatlen () er ein norsk sivilingeniør frå Noregs tekniske høgskole i 1980. Hatlen har sidan 2007 vore konserndirektør i Statkraft.
Hatlen hadde ulike leiarstillingar i Statoil frå 1984 til 1996.Dagens Næringsliv 21. april 2007: «Styrkvinnen» Etter det har ho arbeidd som konsulent og styremedlem ved ei rekkje verksemder, særleg i offentleg sektor. Ho var styreleiar i det statlege helseføretaket Helse Øst, og var ynskt som styreleiar i Helse Sør-Øst, men takka nei då helseminister Sylvia Brustad tilsette toppsjefen på eiga hand.Aftenposten: «Sa nei til Brustad»
Hatlen er styreleiar i Vinmonopolet og Samlaget og styremedlem i Norsk Bremuseum, NTNU, Kongsberggruppen og Scanarc. Ho har tidlegare vore styreleiar i det statlege industrireisingsføretaket Siva, Undervisningsbygg og Statens lånekasse for utdanning. Hatlen har òg vore styremedlem i Oslo Lufthavn AS.
Ho er gift med Birger Magnus, konserndirektør i medieverksemda Schibsted, som ho òg har fire ungar med. Hatlen har, som mannen sin, også ein MBA frå INSEAD i Frankrike.
Hatlen skal vere president i Den olympiske organisasjonskomitéen for vinter-OL for ungdom 2016 på Lillehammer.Businesswoman appointed head of Lillehammer 2016
Fotnotar
Kategori:Norske sivilingeniørar Kategori:Norske næringslivsleiarar Kategori:Presidentar i Den olympiske organisasjonskomitéen