Eikefjord kyrkje står i bygda Eikefjord i Kinn kommune i Vestland, og er ei trekyrkje bygd i 1813.

Frå starten var ho ei langkyrkje med plass til 150–200 personar, men i 1874 vart ho ombygd til krosskyrkje, og no har ho sitjeplass til 350. Kyrkja er soknekyrkje i Eikefjord sokn i Sunnfjord prosti. Fram til avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg ho i Kinn prestegjeld.

Dette er den fyrste kyrkja på staden. Frå byrjinga var kyrkja eit kapell under Svanøy-kyrkja (noverande Bru sokn), men i 1890 vart Eikefjord skild ut som eige sokn.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Eikefjord sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» op nettstaden til Arkivverket Kart som viser soknegrenser og kyrkjestader i 1979 på nettstaden til Univeristetet i Bergen Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversikt over gravminne i Flora kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Kinn Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1810-åra Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Kinn Kategori:1812 i Noreg