Vilnes kyrkje står på Atløy i Askvoll kommune i Vestland, og er ei tømra langkyrkje frå 1674.
Kyrkja vart restaurert i 1950-åra, då vart tak og vegger isolerte og når det òg vart installert ljos og varme gjorde det ein stor skilnad frå tidlegare. Kyrkja fekk òg sakresti og nytt altar og altarring.
Historie Den noverande kyrkja erstatta ei kyrkje frå før 1320 som hadde brunne ned i 1673.«Trolldom kring Vilnes-kyrkja» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Altartavla er ein kopi etter eit altarfrontal frå kring 1250 som stod i gamlekyrkja. Originalen er no i Universitetet i Oslo si Oldsakssamling på Historisk museum.
Kyrkja var fram til 1. januar 2006 soknekyrkje i Vilnes sokn, då vart dei tre sokna i Askvoll prestegjeld ihopslegne til eitt sams sokn som vart heitande Askvoll sokn. I eldre tid sokna folk frå delar av Solund til kyrkja i periodar, i tillegg til folk frå dei vestre delane av Askvoll. Den gamle soknegrensa mellom Askvoll og Vilnes sokn delde Atløy i to.Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kjelder Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Askvoll sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Askvoll kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Askvoll Kategori:Kulturminne i Askvoll Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1670-åra