Gorm Lybeck Kjernli () er ein norsk arbeidarpartipolitikar frå Kråkstad i Akershus. Han var vararepresentant til Stortinget frå Akershus i perioden 2005–2009. Frå februar 2008 var han fast møtande representant etter at Anniken Huitfeldt vart statsråd. Han har vore medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen. Ved stortingsvalet 2009 vart han vald inn som fast representant for perioden 2009-2013.
Kjernli sat i Ski kommunestyre 2003–08, og hadde permisjon da han møtte fast på Stortinget. Han studerer statsvitskap ved Universitetet i Oslo.
Bakgrunnsstoff Biografi på Stortinget.no
Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Lokalpolitikarar i Ski Kategori:Ap-politikarar i Akershus Kategori:Folk frå Ski