Novotsjerkassk (russisk Новочерка́сск) er ein by i Rostov oblast i Russland. Han ligg rundt 65 km nordaust for Rostov-na-Donu. Han har om lag 160 000 innbyggarar.
Historie Novotsjerkassk var tidlegare hovudstad for donkosakkane sitt område. Byen vart grunnlagt i 1805 av Matvej Platov, som administrativt senter for Don Vojsko oblast, då innbyggjarane i Tsjerkassk stanitsa vart nøydde til å forlate heimane sine ved breidda av Don på grunn av de hyppige oversvømmingar.
Under den russiske borgarkrigen var Novotsjerkassk sentrum for Don-armeen sin motrevolusjon og var under kommando av Aleksej Kaledin. Den raude armeen klarte 7. januar 1920 omsider å fjerne dei kvite frå byen.
Under andre verdskrig var Novotsjerkassk okkupert av den tyske armeen mellom 24. juli 1942 og 13. februar 1943.
I 1962 vart lokale matopprør brutalt slått ned av den sovjetiske hæren i det som er vorte kjend som Novotsjerkassk-opprøret.
Økonomi og næringsliv Novotsjerkassk har ein stor industrisektor, med mellom anna den største lokomotivfabrikk i Russland, med 9900 tilsette, som produserer lokomotiv til jernbanane både i Russland og andre tidlegare sovjetrepublikkar.
Attraksjonar Novotsjerkassk har ein katedral (1904), palasset til atamanen til kosakkane, og monument over Matvej Platov og Jermak Timofejevitsj.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Novotsjerkassk» frå , den 25. desember 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1805 Kategori:Byar i Rostov oblast