Kristen eller Christen er norske former av namnet Kristian, frå latinsk christianus, som tyder 'kristen'. I Noreg er namnet eit mannsnamn, i engelsktalande land kan namnet òg verte bruka som kvinnenamn.
I Noreg har Kristen namnedag 14. mai.
Bruken av namnet i Noreg Bruken av namnet gjekk jamt attende gjennom heile 1900-talet. I folketeljinga i 1801 vart 6831 personar manntalsførte med namnet i skrivemåtane Chresten, Chrissten, Christeen, Christen, Cresten, Kresten, Kristen I folketeljinga i 1900 vart 5297 manntalsførte med namnet i formene Chresten, Chrissten, Christeen, Christen, Cresten, Kresten, Kristen I 2008 er det 951 som har Kristen til første fornamn, 229 heiter Christen.
Kjende personer med namnet Christen Mølbach (1766-1834), Eidsvollsmann Christen Tidemand (1779-1838), norsk stortingsmann Kristen Nygaard (1926-2002), norsk politikar Kristen Gislefoss (f. 1954), norsk meteorolog Kristen Skjeldal (f. 1967), norsk langrennsløpar
Sjå òg:
Folketeljingar i Digitalarkivet
Andre kjelder: Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
Kristen Kristen