Amadou & Mariam er ein musikalsk duo frå Mali som består av paret Mariam Doumbia (på vokal) (fødd i Bamako den 15. april 1958) og Amadou Bagayoko (gitar og vokal) (fødd i Bamako den 24. oktober 1954). Paret er kjend som «det blinde paret frå Mali» og dei trefte kvarandre på Instituttet for unge blinde i Mali. Her fann dei ut at dei delte ei felles interesse for musikk.

Stil Dei første innspelingane til duoen i 1980- og 1990-åra har eit enkelt arrangement med gitar og song. Sidan seint på 1990-talet har Amadou & Mariam produsert musikk som blandar tradisjonell malisk musikk med rockegitar, syrisk fiolin, kubansk trompet, egyptisk ney, colombianske tromboner, indisk tabla og dogonsk perkusjon. I lag har alle desse instrumenta og stilane vorte kalla «afro-blues».

Bakgrunn Mellom 1974 og 1980 spelte Amadou med Les Ambassadeurs du Hotel og i 1980 gifta paret seg og byrja og spele i lag. Amadou heldt samstundes fram solokarrieren sin og dreiv musikkavdelinga til blindeinstituttet.

I 1985 hadde paret vorte kjend ved å spele malisk blues og dei la ut på ein turne i Burkina Faso, og i 1986 flytta dei til Elfenbeinskysten. Her spelte dei inn fleire kasettalbum og til slutt albumet Sou Ni Tile i Paris, som vart ein hit i Frankrike. Frå den tid byrja dei å spele på festivalar rundt om i verda.

I 2003 møtte dei verdsmusikkstjerna Manu Chao, som så produserte albumet deira Dimanche à Bamako («Søndag i Bamako») i 2004.

I 2006 spelte dei i lag med Herbert Grönemeyer den offisielle hymnen til verdsmeisterskapen i fotball, «Celebrate the Day», som vart ein hitt i Tyskland denne sommaren.

Seint i 2008 vart dei inviterte til å spele på Barack Obama sin tiltredingseremoni som president i USA den 20. januar 2009.Cigale, Steven. "Amadou et Mariam en concert pour Obama" , Avatar de stars, 2008-12-01. I november 2008 kom albumet deira Welcome to Mali som vart særs godt teke imot«Welcome to Mali» på metacritic.com og vart rekna som eit av dei aller best albuma i 2008.«Best of 2008» på metacritic.com

Duoen sluttet å eksistere etter at Amadou Bagayoko døde 4. april 2025, etter en sykdom.«Amadou Bagayoko, Half of Malian Duo Who Went Global, Dies at 70» på nytimes.com

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Amadou & Mariam» frå , den 6. januar 2009.

Andre kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside (fransk) Amadou & Mariam på myspace.com Lytt på Nonesuch

Kategori:Maliske musikkgrupper Kategori:Verdsmusikkgrupper Kategori:Musikalske duoar Kategori:Blinde musikarar