Mineralnyje Vody (russisk Минера́льные Во́ды) er ein by i Stavropol kraj i Russland med om lag 70 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kuma, rundt 130 km søraust for Stavropol.

Mineralnyje Vody er kjend for mineralkjeldene sine (namnet er russisk for «mineralvatn») og bad- og kurstadane i byen er hovudnæringa her.

Byen ligg ved hovudjernbanen mellom Rostov-na-Donu og Baku. Mineralnyje Vody lufthamn (kode: MRV) ligg 4 km vest for byen og tener òg dei andre kurstadane som ligg i det same området av Kaukasus, som Pjatigorsk og Kislovodsk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mineralnyje Vody» frå , den 9. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1878