mini|Glasmåleri frå 1904 av Sankt Laurentius i Pfarrkirche St. Gangolf, Kluftern, Stadt Friedrichshafen, Tyskland. Laurentius er eit mannsnamn med latinsk opphav, og tyder ‘(mann) frå Laurentum’.
I Noreg er kortforma Laurits ei vanleg form av namnet. Andre avleidde former er Lorents, Lavrans, Lawrence, Laurent og Lorenzo.
Bruken av namnet i Noreg I folketeljinga frå 1801 var 14 personar listeførte med namnet i formene Lanrentius, Larentius, Laurentcieris, Laurentius, Laurentzius I 1900 var 106 listeførte med namnet i former som Larensius, Larentsius, Laurenlius, Laurensius, Laurensiuss, Laurenssius, Laurentius, Laurentsius, Laurentzius, Laurenzius, Lauretsius I 2008 hadde ingen av skrivemåtane meir enn tre brukarar og kom difor ikkje fram i statistikken frå SSB.
Kjende namneberarar motpave Laurentius (d. 506/507) Heilage Laurentius (d. 258), helgen, i Noreg også kjend som heilage Lars Laurentius Petri el. Petersson (1499-1573), svensk teolog Laurentius Nicolai Norvegus (1538-1622), fødd Lauritz Nielssøn, også kjend som «Klosterlasse» og «Pater Norvegus», norskfødd jesuitt og teolog Laurentius Paulinus Gothus (1565-1646), svensk teolog Laurentius Borchsenius (1772-1844), norsk stortingsmann Laurentius Koren (1804-1892), norsk stortingsmann Laurentius Borchsenius Stenersen (1843-1921), norsk klassisk filolog og numismatikar
Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Folketeljingar i Digitalarkivet
Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av latinsk opphav