Selje kyrkje står nordom Seljesanden ved tettstaden Selje på fastlandet innom Selja i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1866.

mini|venstre|Altertavla mini|venstre|Selja sett frå fastlandet. Selje kyrkje ligg oppom naustrekkja til høgre i biletkanten. Fram til 1654 låg kyrkjestaden på Bø på Selja. Bø ligg til høgre for gardshusa ein ser på øya. Bygget, som har sitjeplassar til 500, vart ført opp etter teikningar laga av arkitekt Frederik Hannibal Stockfleth.

Kyrkja er soknekyrkje i Selje sokn i Nordfjord prosti. Dagens kyrkje er den andre på staden, ho erstatta ei tømra kyrkje som var vorte for lita. Gamlekyrkja hadde vorte flytt dit frå Bø på Selja i 1654. Etter at ho vart riven i 1866 vart vyrket frakta rundt Stadtlandet til Leikanger det kyrkja vart sett oppatt som Leikanger kyrkje.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Selje sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kyrkjer i Selje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Digitalarkivet Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Kyrkjer i Stad Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1866 Kategori:Kyrkjer i Nordfjord prosti Kategori:Frederik Hannibal Stockfleth Kategori:Kulturminne i Stad