Tønnes eller Tønne er mannsnamn danna som kortformer av Antonius med opphav i eit latin slektsnamn. Namna har gjeve opphav til slektsnamna Tønnesen og Tønnessen som patronym.

Tønnes har namnedag i Noreg 17. januar.

Bruk Bruken av namnet i Noreg

I folketeljinga frå 1801 var det 760 som hadde namnet i formene Tønes, Tønnes, 13 med namneforma Tønne I 1900 var 1518 listeførte med namnet Tøn(n)es , dei fleste budde i Vest-Agder og Rogaland, 5 med namneforma Tønne I 2008 har 206 menn Tønnes til første fornamn. Namnet Tønne er ikkje oppgjeve brukt i listene frå SSB.

Kjende namneberarar Tønne Huitfeldt (1625-1677), norsk offiser og godseigar Tønnes Rolfsen (1736-1792), norsk skipsbyggjar og verftseigar Tønnes Taralsen (1786-1840), norsk stortingsmann Tønnes Puntervold (1826-1914), norsk handelsmann og skipsreiar Tønnes Birknes (1871-1956), norsk komponist Tønnes Frøyland (1879-1914), norsk misjonær til Kina Tønnes Sirevåg (1909-1994), norsk skulemann Tønnes Andenæs (1923-1975), norsk forleggjar og politikar Tønnes Hilden (f. 1959), dansk forfattar Tønnes Seland (f. 1964), norsk lokalpolitiakr, ordførar i Audnedal kommune

Sjå òg

Folketeljingar i Digitalarkivet

Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av latinsk opphav