Sosnovy Bor (russisk Сосно́вый Бор) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg på sørsida av Finskebukta, 80 km vest for Sankt Petersburg. Byen dekker eit areal på 72 km².

Namnet på byen tyder «granskog» på russisk. Han vart grunnlagt i 1958, som ein busetnad for å tene Leningrad kjernekraftverk og fekk bystatus i 1973. Frå St. Petersburg kjem ein til Sosnovyj Bor med forstadstog frå Baltijskij stasjon.

Byen er ikkje berre kjent som «atomby» (russisk: атомград – atomgrad), men òg for sine forskningsinstitutt og bygningsindustri. Det er rundt fem hundre store og små føretak i byen, mange av dei teknologisk orienterte.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sosnovyj Bor» frå , den 17. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Leningrad oblast Kategori:Busetnader grunnlagde i 1958