Domodedovo (russisk Домоде́дово) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 155 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 37 km sør for Moskva.

Domodedovo vart grunnlagt i 1900 som ein busetnad ved ein jernbanestasjon med same namn. Byen er kalla opp etter den nærliggande landsbyen Domodedovo, som har eksistert sidan minst 1410. Byen fekk bystatus i 1947. Domodedovo internasjonale lufthamn ligg berre få kilometer frå Domodedovo.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Domodedovo (by)» frå , den 18. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1900