Jartsevo (russisk Я́рцево) er ein by i Smolensk oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Vop, rundt 55 km nordaust for Smolensk.
Jartsevo vart grunnlagt på staden til landsbyen Jartsevo-Perevoz (russisk: Я́рцево-Перево́з). Han voks til ein by etter bygginga av en bomullsfabrikk i 1873. Seinare vart òg ein såpefabrikk, eit teglverk, eit sagbruk og eit støperi bygt i området. Jartsevo fekk bystatus i 1926.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jartsevo» frå , den 18. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1779