Sayanogorsk (russisk Саяного́рск) er ein by i Republikken Khakasia i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 70 km sør for Abakan.

Byen vart grunnlagd i 1830. Han fekk bystatus i 1975 i samband med bygginga av Sajano-Sjusjensk vasskraftverk. Kraftverket, som er det største i Russland og det femte største i verda, ligg 30 km sør for byen. Det leverer mellom anna straum til eit gigantisk aluminumsverk, som ligg i Sajanogorsk. Ein stor del av innbyggjarane er tilsett ved aluminumsverket.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1830