Agidel (russisk Агиде́ль, basjkirsk Ағиҙел, tatarisk Ağidel ) er ein by i Republikken Basjkortostan i Russland med om lag 14 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Belaja, ei sideelv til Kama.

Bynamnet kjem av Aghidhel, det basjkirske namnet på elva Belaja.

Agidel vart grunnlagt i 1980 som ein busetnad under bygginga av Basjkir kjernekraftverk. Han fekk bystatus i 1991.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Agidel» frå , den 18. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1980