Severouralsk (russisk Североура́льск) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Vagran, ei sideelv til Sosva, rundt 400 km nord for Jekaterinburg.

Severouralsk vart grunnlagd i 1758 i samband med bygginga av eit støypejerns- og kopar-smelteverk. I 1931 vart det oppdaga ein stor førekomst av bauxitt i området, og etter kvart andre førekomstar. Severouralsk fekk bystatus i 1944, etter at han var vorte slått saman med fleire omkringliggande busetnadar.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Severouralsk» frå , den 21. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1758