Lensk (russisk Ленск) er ein by i Republikken Sakha i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Lena, rundt 800 km vest for Jakutsk.
Den opphavlege busetnaden vart første gong nemnt i 1663 i eit område kjend som Muhtuj og vart derfor kalla Mukhtuja. På 1800- og 1900-talet var byen ein stad for politisk eksil.
Byen opplevde ein periode med rask vekst på 1900-talet etter oppdaginga og utbygginga av diamantførekomstar i Viljuj-bekkenet. Han fekk bystatus og namnet vart endra til Lensk i 1963.
I 2001 førte ein ispropp i Lena til at så godt som heile vart byen oversvømd og dei fleste bygningane vart øydelagde. Denne katastrofen kunne ha vore forhindra om ein hadde sprengt bort isproppen, men dei lokale myndigheitene hadde ikkje pengar til å kjøpa naudsynt sprengstoffD. Schumann, An der Lena flußabvärts, Das Neue Berlin, 2001.. Byen vart bygd opp igjen.
Geografi Klima
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Lensk» frå , den 23. januar 2009.
Bakgrunnsstoff