Dzerzjinskij (russisk Дзержи́нский) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Moskva, 20 km sør for Moskva sentrum.
Industrien i byen består av eit varmekraftverk, ein betongfabrikk og kjemisk industri.
Historia til byen er nært knytt til Nikolo-Ugresjklosteret, som ligg midt i byen. Klosteret vart grunnlagt ca. 1380 etter ordre frå knjaz Dmitrij Donskoj, og kalla opp etter St. Nikolas, som Donskoj i følgje segna såg i ein draum medan han gjorde seg klar til det lange felttoget mot horden til Mamai.
Grunnlegginga av byen vert rekna som 1921. I 1938 fekk busetnaden status som urbanliknande busetnad, og han fekk bystatus i 1981.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Dzerzjinskij» frå , den 25. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1921