Zjeleznovodsk (russisk Железново́дск) er ein by i Stavropol kraj i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 130 km søraust for Stavropol.
mini|venstre|Ballongar over Zjeleznovodsk.
Namnet tyder «Jernvatn» sidan mineralvasskjeldene i Zjeleznovodsk var trudd å ha eit høgt innhald av jern. Zjeleznovodsk er, saman med Pjatigorsk, Jessentuki, Kislovodsk og Mineralnyje Vody, ein del av mineralvasssområdet i Kaukasus, eit kjent russisk kurbadområde. Økonomien i byen baserer seg i hovudsak på sanatorium og kurbad, der titusenvis av menneske frå heile Russland og dei tidlegare sovjetrepublikkane kjem året rundt for å feriere og kvile, samt forebygge og behandle mange sjukdomar på mage, nyre og lever.
Zjeleznovodsk har dei siste åra vorte åstad for Den internasjonale varmluftsballongfestivalen.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Zjeleznovodsk» frå , den 27. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1842