Waikato District ligg i den nordlege delen av regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Distriktet er administrert av Waikato District Council, med sete i Ngaruawahia.
Distriktet ligg nord og vest for byen Hamilton, og omfattar mykje av den nordlege delen av slettelandskapet Waikato Plains, og også høgdedraga Hakarimata ved kysten. I den nordlege delen av distriktet ligg sumplandskapet inntil Waikatoelva, og fleire mindre innsjøar, den største av desse er Waikaresjøen.
Utanom Ngaruawahia er dei viktigaste sentera i distriktet Huntly, Raglan og Te Kauwhata. Hovudnæringsvegane i distriktet er mjølkeproduksjon, skogbruk og kolgruvedrift. Der er eit større kolfyrt kraftverk ved Huntly. Te Kauwhata ligg i sentrum av eit større vindistrikt.
Distriktet hadde eit folketal på 43 959 ved folketeljinga i 2006. Av desse budde 6834 i Huntly, 5106 i Ngaruawahia, 2637 i Raglan og 1294 i Te Kauwhata.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Waikato District» frå , den 27. januar 2009.
Bakgrunnsstoff Heimesida til distriktsstyret. Huntly Town
Kategori:Waikato Kategori:Distrikt på New Zealand