mini|Marknadsplassen i Pavlovskij Posad rundt 1900. Posad (russisk посад) var ein busetnadtype i Det russiske keisarriket som låg inntil ein by, ein kreml eller ved eit kloster. Han var eit eige samfunn som verka fråskild frå byen det låg ved. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Innbyggjarane i ein posad var vanlegvis handverkarar og handelsmenn, kjend som posadskije ljudi (posadfolk). Dei dreiv handel med varer som keramikk, glas, koparvarer, våpen, klede, ikon, voks, salt og mat.
Ein posad var ofte omgjeven av festningsverk og ei vollgrav. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Mange posader utvikla seg til byar. Dei som låg ved ein kreml gav ofte lokale stadnamn, som Nagornyj Posad (Den øvre busetnaden) og Kazanskij Posad for det historiske senteret i Kazan. Dei som låg ved eit kloster vart ofte til byar kalla opp etter klosteret, som Sergijev Posad, som er kalla opp etter det nærliggende Troitse-Sergijeva Lavra. Sjå òg Pavlovskij Posad, Mariinskij Posad og Gavrilov Posad.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Posad» frå , den 28. januar 2009. og «Posad» frå , den 1. desember 2014.
Kategori:Busetnader Kategori:Russisk geografi Kategori:Russisk historie