Potsjep (russisk Почеп) er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 80 km sørvest for Brjansk.

Potsejp vart grunnlagd i 1457 og vart nemnt som ein viktig by i Storhertugdømet Litauen. Han kom under Storfyrstedømet Moskva i 1503 og var lite viktig til rundt 1710, då hetman Ivan Skoropadskyj gav han til Fyrst Mensjikov. Sistnemnde grunnla fortet Aleksandropolis i nærleiken og starta produksjon av segl til russiske skip i Potsjep.

Industrien gjekk tilbake etter Mensjikov fall og byen stagnerte til 1750, då han kom inn under ein annan hetman, Kirill Razumovskyj, som planla å bygge sommerresidensen sin der. Det einaste minnet om desse planane er den vakre Gjenoppstandelseskyrkje, bygt i barokkstil av Antonio Rinaldi på 1750-talet.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Potsjep» frå , den 28. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1450-åra