18. november er den 322. dagen i den gregorianske kalenderen (323. under skotår). Det er 43 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
Religiøs helgedag
Namnedag
Hendingar
Utlandet 1210: Pave Innocens III lyste Otto IV av det tysk-romerske riket i bann. 1493: Dei første europearane, leidd av Christopher Columbus, såg staden som i dag er Puerto Rico. 1626: Peterskyrkja blei innvigd av pave Urban VIII. 1863: Kong Kristian IX av Danmark skreiv under på «November-grunnlova». Denne erklærte at Schleswig var dansk, og blei sett på som eit brot på London-protokollen av 1852. Året etter braut andre Schleswig-krigen ut. 1916: Første verdskrigen. Slaget ved Somme, rekna som eit av dei dødelegaste slaga i historia, tok slutt. 1918: Latvia erklærte sjølvstende frå Russland.
Noreg 1905: Stortinget vedtok dei endringane i den norske grunnlova som unionsoppløysinga kravde, og valde same ettermiddagen prins Carl av Danmark einstemming til norsk konge. Same kveld sende prinsen telegram om at han hadde motteke valresultatet og tok namnet Haakon som konge av Noreg. 1906: Roald Amundsen og mannskapet hans kom tilbake til Noreg etter reisa gjennom Nordvestpassasjen. 1970: Alle seks ombord bleiv då frakteskuta «O.Larsen» av Tromsø forliste på sørlandskysten mellom Kristiansand og Mandal.
Fødde mini|Allyson Felix er fødd i 1985
1786: Carl Maria von Weber, tysk komponist 1837: Johannes Skar, folkeminnesamlar 1907: Halldis Moren Vesaas, norsk forfattar 1918: Olav Lavik, diktar og bonde 1944: Suzanne Brøgger, dansk forfattar 1960: Kim Wilde, britisk songar og songskrivar 1963: Peter Schmeichel, dansk fotballspelar 1974: Petter Solberg, rallykøyrar 1980: Kjetil A. Lie, norsk sjakkspelar 1985: Allyson Felix, USA-amerikansk sprintar
Døde mini|Atomfysikaren Niels Bohr døydde i 1962
1851: Ernst August I av Hannover, hannoveriansk konge 1886: Chester A. Arthur, president i USA 1922: Marcel Proust, fransk forfattar 1937: Bernt Støylen, norsk biskop og forfattar 1941: Émile Nelligan, kanadisk diktar 1962: Niels Bohr, dansk fysikar 1972: Danny Whitten, USA-amerikansk musikar
Bakgrunnsstoff