Yngvar er eit mannsnamn som kjem frå norrønt Yngvarr. Føreleddet er ei sideform til namnet Ing , norrøn gudelære eit anna namn for guden Frøy. Etterleddet er kanskje 'krigar'. Ei vanlegare form av namnet er Ingvar.

Yngvar har namnedag 25. september.

Bruken av namnet i Noreg Namneforma Yngvar(d) kom i bruk i Noreg midt på 1800-talet, først i byane. Ved folketeljinga i 1801 var namnet ikkje registrert brukt. Ved folketeljinga i 1900 var 144 registrerte med namnet, flest i Kristiania I 2008 var det 996 menn som hadde Yngvar til første fornamn, 4 heitte Yngvard.

Kjende namneberarar Yngvar Øysteinsson, konge av ynglingeætta Yngvar Nielsen (1843-1916), norsk historikar Yngvar Ustvedt den eldre (1868-1938), norsk stortingsmann Yngvar Kjelstrup (1887-1986), hamnerådmann og hamnefogd i Oslo Yngvar Ustvedt (1928-2007), norsk kringkastingsmann Yngvar Numme (f. 1944), norsk komikar og musikar (frå Dizzie Tunes) Yngvar Andersen (f. 1974), norsk programleiar og vinnar av Målprisen

Kjelder

Folketeljingar i Digitalarkivet Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4

Bakgrunnsstoff

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav