Indoiransk lydlære er læra om lydsystemet i dei indoiranske språka. Fonembestanden til dei indoariske språka har halde seg ganske stabil i løpet av dei forskjellige språkstadia. Karakteristiske lydar, som dei retroflekse og aspirerte konsonantane, vart brukte både i ur- og mellomindoarisk, og finst i tillegg i nesten alle nyindoariske språk. Derimot har det vore store endringar i fordelinga av lydane i orda gjennom dei ulike språkstadia.
Konsonantar Karakteristisk for konsonantsystem i dei indoariske språka er mange (som regel 20) plosivar, som blir delte inn etter fem artikulasjonsstader (velare, palatale, retroflekse, dental og labial). Kontrasten mellom retrofleks og dental t (jamfør hindi , ‘papegøye’ og , 'brist') er typisk for språka i Sør-Asia. Sjølv om ein tradisjonelt klassifiserer c og j som plosivar, blir dei i praksis snarare uttalt som affrikatar, altså og .Masica: The Indo-Aryan languages, s. 94 Forskjellen mellom stemde og ustemte konsonantar (som p og b) er òg tydingsskiljande på same måte som aspirasjon, som ein finn såvel ved ustemte som ved stemde plosivar (til dømes p, b mot ph, bh). Ifølgje skildringane frå den tradisjonelle indiske grammatikken finst det for kvar av dei fem radene plosivar ein nasal som er homorganisk (uttalt på same artikulasjonsstad). Dermed oppstår følgjande system av plosivar og nasalar (melde med IAST-transkripsjon og lydverdi i IPA):
PlosivarNasalarUstemtUstemt aspirertStemtStemt aspirertVelarark kh g gh Palatalarc ch j jh ñ Retrofleksar Dentalart th d dh n Labialarp ph b bh m
Nokre perifere indoariske språk har forenkla dette systemet. I singalesisk har aspirasjonen forsvunne (truleg på grunn av innverknad frå tamil), mens assamesisk ikkje har nokre retroflekse fonem. Andre språk har utvikla ytterlegare fonem; for eksempel har sindhi implosivane , , og . Når det gjeld nasalane, var opphavleg berre m, den dentale n og den retroflekse sjølvstendige fonem, men skila mellom dei to siste er ikkje bevarte i alle moderne språk. Lydane og ñ er som oftast berre posisjonsbetinga allofonar, som berre finn stad framfor dei tilsvarande plosivane. I visse språk har dei likevel oppnådd sekundær fonemstatus.
I klassisk sanskrit fanst vibranten r og lateralen l . Andre indoariske språk har utvida fonemforrådet sitt på dette området: ein retrofleks lateral fanst allereie i vedisk, og seinare blant anna i oriya, marathi, gujarati og panjabi. Hindi, bengali, panjabi og sindhi har ein retrofleks flapp . Mens det i urindoarisk fanst ytterlegare fire frikativar, dei tre sibilantane ś , og s i tillegg til h , har dei tre opphavlege sibilantene falle saman til éin lyd i dei moderne språka, i vest som oftast , i aust . Svært ofte har likevel ein forskjell mellom og blitt gjeninnført via lånord. Halvvokalane som finst er y og v .
I tillegg til desse opphavlege indoariske konsonantane har mange nyindoariske språk overteke nye fonem gjennom lånord frå persisk og engelsk, nemleg , , , og . I alle språk utanom urdu er stillinga til desse fonema likevel ikkje særleg styrkt, og i utydeleg uttale blir dei ofte erstatta av liktlydande lydar, altså omtrent philm i staden for film.
Vokalar Talet på vokalfonem er i dei fleste nyindoariske språka mellom seks og ti. Romani har berre fem vokalar. Singalesisk har derimot eit system med 13 vokalar, som i første omgang byggjer på forskjellar i vokallengde. For dei dardiske språka og visse dialektar av marathi har det blitt skildra system med opptil 18 vokalar, men desse er ikkje tilstrekkeleg utforska.Masica: The Indo-Aryan languages, s. 113
Vokalsystemet til dei viktigaste indoariske språka er som følgjer:
SpråkVokalfonemMarathi, nepali, , , , , Oriya:, , , , , Bengali:, , , , , , Assamesisk:, , , , , , , Gujarati:, , , , , , , Hindi, panjabi:, , , , , , , ,
Merknad: Den korte a-lyden kan gjevast att som eller .
Det symmetriske ti-vokal-systemet i hindi og panjabi står nærast sanskrit. I sanskrit hadde ein likevel forskjellen mellom par som i/i først og fremst i vokallengde: / . I dei nyindoariske språka har denne kvantitative forskjellen blitt erstatta av ein kvalitativ: /. Det er likevel mogeleg at den kvalitative forskjellen allereie frå byrjinga gjekk inn i forskjellen etter vokallengde.Masica: The Indo-Aryan languages, s. 111 I alle fall for kort a og lang ā blei ein forskjell i vokalkvalitet skildra allereie i dei eldste grammatikkane. Dessutan hadde sanskrit dei «konsonantiske vokalane» , og . Dei to siste er svært uvanlege, men finn ein derimot òg i dei moderne språka i lånord frå sanskit, med uttalen (til dømes , 'rishi, vismann').
Fonema og i hindi og panjabi går opphavleg tilbake til diftongane og , og blir framleis uttalt som diftongar i visse dialektar. Mens desse diftongane er fonematiske, blir dei talrike vokalsamansetjingane i nyindoariske språk ikkje oppfatta som sjølvstendige fonem.
Dei reine vokalane har i dei fleste nyindoariske språk tilsvarande nasalvokalar (til dømes hindi «måne»). Sanskrit har likeså ei nasalisering som blir kalla som anusvara () (til dømes , 'kjøt'), men som berre opptrer i føreseibare tilfelle og derfor, ulikt nasalvokalane i dei moderne språka, ikkje er fonemisk. Det same gjeld for den ustemte aspiranten visarga () i sanskrit, som oftast opptrer i slutten av ord, og språkhistorisk går tilbake til s eller r (jamfør nominativendinga i sanskrit med gresk og latinsk .
Ordmelodi
Den eldste indoiranske språkforma, vedisk, hadde ein toneaksent som tilsvarte den gammalgreske (jamfør vediske , med gammalgresk , , 'fot'). Aksenten kunne falle på kva som helst staving i ordet, og blei uttalt med ein høg tone (). I klassisk sanskrit blei den tonale aksenten endra til ein dynamisk aksent. Posisjonen til aksenten stemde ikkje overeins med den gamle tonale aksenten, men fall, omtrent som i latin, etter føreseibare reglar på den nest siste, tredje siste eller fjerde siste stavinga. Plasseringa av trykket følgjer ulike reglar i dei nyindoariske språka, men er nesten aldri tydingsskiljande. Eit unnatak er assamesisk (jamfør 'han drikk' med 'då').
Panjabi utgjer eit spesialtilfelle, då det er eit tonespråk. Dei tre tydingsskiljande tonane (til dømes , 'piske'; 'spedalsk'; , 'hest') har oppstått sekundært under innverknad av tidlegare aspirerte konsonantar (jamfør panjabi med hindi ).
Fonologiske endringar
Dei urindoariske språka hadde ein komplisert fonologi, som framleis står ganske nær den indoeuropeiske typen. Dei viktigaste punkta der sanskrit skil seg frå det rekonstruerte indoeuropeiske urspråket er følgjande:
Vokalane *a, *e og *o fell saman til a (jamfør latin med sanskrit , 'han driv'; gammalgresk med sanskrit , 'han er' og gammalgresk med sanskrit , 'make, herskar')
Dei stavingsdannande nasalane * og * går over til a (jamfør latin med sanskrit )
Monoftongisering av *ai og *au til e og o (jamfør gammalgresk med sanskrit 'eg veit')
Labiovelarene *kw, *gw og *gwh fell saman med velarane k, g og gh. Framfor opphavleg fremre vokalar går desse over til palatalane c og j (jamfør latin og sanskrit , 'og'). Palatovelarene *, * og * går over til ś, j og h (jamfør latin med sanskrit , 'hundre'), som gjer at sanskrit høyrer til satemspråka. Ei rekkje ustemte aspirerte konsonantar oppstår forutan dei stemde. Retroflekse konsonantar oppstår under innverknad frå ikkje-indoariske språk.
I byrjinga av ord og inne i ord opptrer dei komplekse konsonantsamlingane i sanskrit (for eksempel «måneskin»). Orda kan derimot slutte berre med bestemte konsonantar, og samlingar av fleire konsonantar finst som regel ikkje (jamfør latin og avestisk med sanskrit «stemme»). Når lydar møter kvarandre inne i ord eller ved to tilgrensande ord opptrer sandhifenomen (for eksempel til , 'han sa ikkje').
I løpet av den mellomindoariske perioden blei fonologien i stor grad endra. Ingen sandhireglar blei gjeldande lenger, og fonembestanden blei noko mindre. Den viktigaste endringa i dei mellomindoariske språka var den radikale forenklinga av stavingsstrukturen til ein type som likna den i dravidiske språk: Konsonantsamlingar i byrjinga av orda var ikkje lenger mogelege, inne i ord fanst berre bestemte konsonantsamlingar som var lette å uttale (fordobla konsonantar eller samband med ein nasal som første del) og i slutten av ord var det ikkje tillate med nokon konsonantar utanom den nasaliserte . Dei viktigaste lydendringane i mellomindoarisk er:
Konsonantsamlingar i byrjinga av orda blir redusert (for eksempel sanskrit «første», , 'skuldrer' til pali , ) Konsonantsamlingar i det indre av ord blir assimilert (til dømes sanskrit 'son', , 'hand' til pali , )
Utlydande konsonantar fell bort (til dømes sanskrit , 'bak' til pali ), berre -m og -n blir behalde som nasalisert anusvara (til dømes sanskrit , 'gjere' til pali ). Frikativane ś, og s fell saman (til dømes sanskrit «land», , 'feil' og 'tenar' til pali , , )
Dei konsonantiske vokalane , og fell bort (for eksempel sanskrit , 'han spør' til pali )
Diftongane ai, au og lydsamlingane aya og ava går over til monoftongane e og o (til dømes sanskrit , 'legeurt', , 'han plantar' til pali , ) I den seinare fasen fell intervokaliske konsonantar bort (til dømes sanskrit til prakrit , aspirerte intervokalistiske konsonantar blir til h (til dømes sanskrit , 'han fortel' til prakrit ). Dermed oppstår rekkjer på to vokalar, som ikkje var tillate i sanskrit.
I dei nyindoariske språka har stavingsstrukturen utvikla seg vekk frå den enkle typen i mellomindoarisk ved at korte vokalar har bortfall. Konsonantar i slutten av ord finst hyppigare enn i sanskrit, og i midten av ord er ytterlege konsonantkombinasjonar mogeleg. Denne utviklinga blir forsterka gjennom lånord frå ikkje-indoariske språk. Mange nyindoariske språk har gjennomgått sine eigne særskilde utviklingar. Sentrale kjenneteikn som karakteriserer fonetikken i fleirtalet av dei nyindoariske språka er:
Bortfall av korte vokalar i slutten av ord (til dømes prakrit «frukt» til hindi og nepali og bengali og assamesisk eller oriya ) Bortfall av ustemte korte vokalar i det indre av ord (for eksempel prakrit , 'fast' til hindi , prakrit «esel» til bengali ). Gjennom dette har mange nye konsonantsamlingar oppstått. Dette leier ved fleirstavingsstammar delvis til alternanse (til dømes hindi , 'forstå' og , 'forstått'). Forenkling av doble konsonantar fører til erstatningsforlenging av vokalen framfor (til dømes prakrit , 'sju' til hindi og marathi , bengali , men panjabi ). Erstatning av ein nasal framfor ein plosiv gjennom forlenging og nasalisering av vokalane framfor (til dømes prakrit , 'tann' til hindi og bengali , men panjabi ).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Indoariske språk» frå , den 31. januar 2009.
Kategori:Indoiranske språk Kategori:Fonologi etter språk