Zapoljarnyj (russisk Заполя́рный) er ein by i Murmansk oblast i Russland med om lag 14 000 innbyggjarar.

Petsjenga-området der byen i dag ligg høyrte til Finland mellom 1920 og 1944. Byen vart grunnlagd i 1956 som Zjdanovsk (Жда́новск) og fekk bystatus og nytt namn i 1963. Han ligg på Kolahalvøya, 10 km sør for Kola Superdeep Borehole-prosjektet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1956