Beljov (russisk Белёв) er ein by i Tula oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg på venstre breidda av elva Oka, rundt 100 km sørvest for Tula.

Beljov vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1147. Etter Fyrstedømet Tsjernigov vart oppløyst etter den mongolske invasjonen av Russland vart Beljov sete for eit lokalt fyrstedynasti. Fyrstane i Beljov vingla mellom Storhertugdømet Litauen og Storfyrstedømet Moskva, før dei etter kvart kom inn under sistnemnde. I byen ligg ei av dei eldste kyrkjene i Tula oblast.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Beljov» frå , den 3. februar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde på 1100-talet