Megion (russisk Мегион) er ein by i Khanty-Mansia i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg på høgre breidda av elva Ob, rundt 380 km aust for Khanty-Mansijsk.

Busetnaden vart første gong nemnd i 1810. I 1961 vart dei første oljeførekomstane i Vest-Sibir funne der. Byen er no eit senter for olje- og naturgass-industrien.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1810