Novosil (russisk Новоси́ль) er ein by i Orjol oblast i Russland med om lag 3 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Zusja, rundt 70 km aust for Orjol.

Novosil vart første gong nemnd i historiske kjelder i 1155 som festninga Itil. Han var sete for ei grein av Rurikide-familien i mellomalderen. Novosil fekk offisielle byrettar i 1777.

Kjelder

Bakgrunnsstoff