Kvinne-CM i sjakk (WCM), engelsk Woman Candidate Master, er den lågast rangerte vanlege sjakktittelen som Verdssjakkforbundet FIDE tildeler berre til kvinnelege sjakkspelarar. Tittelen blir vanlegvis tildelt fordi spelaren har oppnådd ein eigen rating på 2000 eller meir på ei offisiell FIDE ratingliste. Tittelen er livsvarig.

Tittelen rangerer under Kvinne-stormeister i sjakk, Kvinne-IM i sjakk og Kvinne-FM i sjakk.

Her er også reglar som gir WCM-tittelen automatisk til dei som til dømes gjer gode prestasjonar i Kvinne-verdsmeisterskapen for juniorar. Gjeldande reglar finst i FIDE sin handbok på nettet. 1.0. Requirements for the titles designated in 0.31. Reglane i FIDE si handbok

Noreg har pr. 17. november 2025 to kvinner som har WCM-tittelen: Oda Kofoed Skramstadhttps://ratings.fide.com/profile/1564862 og Alena Ayzdenberghttps://ratings.fide.com/profile/1518798

Bakgrunnsstoff FIDE si heimeside - tittelkrav

Fotnotar

Kategori:Sjakktitlar