Yellow Submarine er eit filmmusikkalbum av The Beatles med musikk frå filmen med same namn.

I motsetnad til korleis filmen vart teke imot, vert Yellow Submarine vanlegvis rekna som det svakaste albumet til The Beatles, sidan det berre inneheld seks songar av bandet. Ho var ei av få Beatles-plater som ikkje nådde toppen av albumlista i verken Storbritannia eller USA. Den høgaste plasseringa i USA var andreplass. Albumet nådde derimot førsteplassen på VG-lista i Noreg. The Beatles sjølv rekna det ikkje som eit studioalbum, sidan dei fire songane som ikkje var gjeve ut før dette albumet, vart spelte inn til forskjellige tider i 1967 og 1968.

Historie «Only a Northern Song» vart spelt inn under innspelinga av Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, men kom ikkje med her. Det meste av songen vart spelt inn i februar 1967. «It's All Too Much» vart spelt inn like før Sgt. Pepper kmo ut, men vart korta ned (frå åtte minuttar) for Yellow Submarine. «Hey Bulldog», spelt inn i februar 1968, og «All Together Now», spelt inn i mai 1967, var heile tida meint for filmen.

«Baby You’re a Rich Man» vart òg opphavleg tenkt som ein del av musikken i filmen, men vart i staden gjeve ut som B-sida til «All You Need is Love» og ikkje med på Yellow Submarine-albumet.Lewisohn, Mark (1996). The Complete Beatles Chronicle. Chancellor Press. ISBN 0-7607-0327-2.

To songar på albumet hadde vore gjeve ut før. «Yellow Submarine» hadde alt vore på Revolver i august 1966 og på same tid ein hitsingel då. «All You Need Is Love» hadde vore ein hit i 1967, samt vore gjeve ut på den amerikanske utgåva av Magical Mystery Tour seinare på året. Songen er i ekte stereo på dette albumet. Songen hadde tidlegare vore gjeve ut i mono eller i omkanaliserte stereoutgåver på Magical Mystery Tour.

Den andre sida inneheld musikkstykke (spelt inn spesifikt for albumet) av George Martin nytta i filmen.

Etter at blanda mottaking då albumet kom ut, tenkte The Beatles på å gje ut Yellow Submarine som ein EP med fem spor, utan filmmusikken til Martin, men med «Across the Universe» som bonusspor. Dette skjedde derimot aldri.Lewisohn, Mark (1988). The Complete Beatles Recording Sessions. Hamlyn Publishing Group. ISBN 0-600-55784-7.

Innhald

Medverkande

The Beatles (side ein) John Lennon – solo- og korvokal, rytme- og sologitar, piano, klapping Paul McCartney – solo- og korvokal, bass og akustisk gitar, kontrabass, trompet, klapping, perkusjon George Harrison – solo- og korvokal, sologitar og akustisk gitar, Hammondorgel, perkusjon og klapping, fiolin Ringo Starr – trommer, perkusjon og klapping, korvokal, solovokal (på spor 1) George Martin – piano på «All You Need is Love», orkesterarrangement

Salstrofé

Salslister ListePlasseringAustralske Kent Music Report4Kanadiske RPM Top LPs1VG-lista1UK Albums Chart3US Billboard Top LPs2Vesttyske Musikmarkt LP Hit-Parade5

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yellow Submarine (album)» frå , den 10. februar 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Beatles kommenterer kvart spor Innspeling og merknader på forskjellige miksar

Kategori:Filmmusikkalbum frå 1969 Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Apple Records-album Kategori:George Martin-album Kategori:The Beatles-album Kategori:Konseptalbum Kategori:Album på toppen av VG-lista Kategori:Nummer-ein-album i Canada