Messier 106 (M106) eller NGC 4258 er ein LINER-spiralgalakse som ligg rundt 23,5 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Jakthundane. Galaksen har to uvanlege spiralarmar, hovudsakleg sette saman av gass, som er synlege i radiobølgjer og i røntgenstråling. Desse har oppstått som ei følgja av kraftig oppvarming av gassen gjennom to jetstrålar som kjem frå det supermassive svarte hòlet i sentrum av galaksen.
Kjelder
Denne artikkelen baserer seg på pressemelding ssc2007-06 på Spitzer Science Center sin nettstad.
Kategori:Spiralgalaksar 106 Kategori:Jakthundane Kategori:LINER-galaksar Kategori:NGC-objekt Kategori:UGC-objekt