«Time Is on My Side» er ein song skriven av Jerry Ragovoy (under pseudonymet Norman Meade). Han vart først spelt inn av jazztrombonisten Kai Winding and his Orchestra i 1963, og spelt inn på nytt med ekstra tekst av Jimmy Norman av både soulsongarinna Irma Thomas og The Rolling Stones i 1964.

Orignalutgåva til Kai Winding kom til etter at han ønskte å gå i ei meir kommersiell og rytmisk retning. Songen vart produsert av Creed Taylor og inneheldt korvokal av Cissy Houston, Dionne Warwick og Dee Dee Warwick. Tidleg i 1964 spelte Irma Thomas inn ein gospel-aktig versjon av songen, som B-side til singelen hennar «Anyone Who Knows What Love Is (Will Understand)».

The Rolling Stones-versjonen The Rolling Stones spelte inn to versjonar av songen i 1964. Den første med orgelintro vart gjeve ut i USA som singel i 1964 og på albumet 12 X 5. Den betre nyinnspelinga med gitarintro vart gjeve ut i Storbritannia i januar 1965 på albumet The Rolling Stones No. 2. Det er denne utgåva som er med på alle «Best of»-plater av bandet. Begge Rolling Stones-utgåvene inneheld fleire element frå Irma Thomas-versjonen, som utropa mellom teksten på refrenget, monologen i midten av songen og gitarsoloen oppå monologen.

Singelen vart den første hitten til The Rolling Stones i USA og nådde sjetteplass på Billboard Pop Singles Chart. Då dei spelte «Time Is on My Side» på deira første opptreden på The Ed Sullivan Show, var Sullivan sjokkert over framføringa og erklærte at han aldri skulle invitere dei tilbake, men dette gjorde han likevel fleire gonger seinare.

Medverkande Mick Jaggersolovokal, tamburin Keith Richardssologitar,korvokal Brian Jonesrytmegitar, korvokal Bill Wymanbass, korvokal Charlie Wattstrommer Ian Stewartorgel

Salslister Liste (1964–65)Plassering

Andre versjonar «Time Is on My Side» har sidan vorte spelt av fleire artistar, som Michael Bolton, Cat Power, Hattie Littles, Wilson Pickett, Brian Poole and the Tremeloes, The Pretty Things, Paul Revere and the Raiders, Kim Wilson, Tracy Nelson, Patti Smith og The Moody Blues.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:Time Is on My Side» frå , den 22. februar 2009. oppgav desse kjeldene: http://www.cover-vs-original.com/song-20.html http://www.bjbear71.com/Winding/Kai-Verve45.html http://www.songfacts.com/detail.php?id=417 http://www.secondhandsongs.com/song/17201.html http://www.jimmynorman.net/src/legends_timeisonmyside.html http://www.granatino.com/sdresource/11wnew.htm

Bakgrunnsstoff Irma Thomas

Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Songar skrivne av Jerry Ragovoy Kategori:Songar om New Orleans Kategori:The Moody Blues-songar Kategori:Decca Records-singlar Kategori:London Records-singlar Kategori:Songar produserte av Andrew Loog Oldham Kategori:Songar produserte av The Glimmer Twins Kategori:Verve Records-singlar Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:The Moody Blues-songar Kategori:Paul Revere & the Raiders-songar Kategori:Wilson Pickett-songar Kategori:Patti Smith-songar Kategori:Keith Richards-songar Kategori:George Jones-songar Kategori:Vanessa Carlton-songar