mini|Bru over Zlatica nær Crna Bara. mini|Dette er staden nær Padej der Zlatica munnar ut i Tisa. Aranca (rumensk Aranca, serbisk Zlatica (Златица), ungarsk Aranka) er ei 117 km lang elv i regionen Banat i Romania og Serbia, ei sideelv til Tisa frå venstre.

Løp Aranca spring ut i Romania, nord i Banat, sørvest i Arad. Ho renn vestover og etter 76 km renn ho inn i Serbia, der ho renn dei siste 41 km.

I Serbia snur elva sørvestover og mottar Kikinda-kanalen frå høgre, som er knytt til Donau-Tisa-Donau i sør. Ho munnar ut i Tisa nær byen Ada. Nær landsbyen Banatski Monoštor mottar Zlatica den største sideelva si, ei anna rumensk-serbisk elv kalla Begej.

Eigenskapar Aranca høyrer til nedslagsfeltet til Donau og har sjølv eit nedslagsfelt på 1470 km² (790 km² i Romania, 680 km² i Serbia). Den nedre delen av elva er kanalisert, så ho er framkommeleg for skipsfart minst 10 km, og er ei viktig vasskjelde for jordbruksområda i dalen.

Busetnader ved elva Romania Secusigiu Periam Sânpetru Mare Sânnicolau Mare Dudeştii Vechi Vălcani

Serbia Crna Bara Banatski Monoštor Jazovo Padej

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aranca River» frå , den 25. februar 2009. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6 Srpska porodična enciklopedija, Vol. X (2007); Narodna knjiga og Politika NM; ISBN 978-86-331-2739-4 Administraţia Naţională Apelor Române - Cadastrul Apelor - Bucureşti Institutul de Meteorologie şi Hidrologie - Rîurile României - Bucureşti 1971 ICPA - Comune vulnerabile - Judeţul Timiş Trasee turistice - judeţul Arad Trasee turistice - judeţul Timiş

Kart Harta judeţului Timiş Harta judeţului Alba

Kategori:Elvar i Romania Kategori:Elvar i Serbia Kategori:Vojvodina Kategori:Banat