Jablanica (serbisk Јабланица) er ei 85 km lang elv sør i Serbia. Ho er ei sideelv til Južna Morava frå ventre og har gjeve namn til ein region med same namn.
Jablanica spring ut frå fjellet Goljak, nær landsbyen Grbavce, ved grensa til Kosovo. Området er rikt på varmekjelder, så det ligg fleire kurstader langs elva. Etter landsbyane Dupljane og Pečenjevce munnar elva ut i Južna Morava.
Elva høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet og drenerer sjølv eit område på 895 km².
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jablanica River» frå , den 28. februar 2009. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
Kategori:Elvar i Serbia