Their Satanic Majesties Request er eit psykedelisk rockealbum av The Rolling Stones frå 1967. Tittelen er eit ordspel på «Her Britannic Majesty requests and requires...», ein tekst som står inne i alle britiske pass.

Albumet fekk særs blanda mottaking då det kom ut, og i følgje Richie Unterberger i Allmusic har the Stones aldri har tatt fleire sjansar enn dette i studio med bruk av afrikanske rytmar, mellotronar og fullt orkester.

Innspelinga starta like etter Between the Buttons kom ut, og innspelinga var lang og sporadisk, mellom anna fordi medlemmer i bandet vart fengsla og måtte i retten. Albumet var det første Stones gav ut som ikkje hadde forskjellig innhald i USA og Europa.

Albumet kom ut i desember 1967 og nådde tredjeplassen i Storbritannia og andreplassen i USA og Noreg. Albumet fekk nokså dårleg kritikk og vart sett på som eit forsøk på å overgå The Beatles og Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band (som kom i juni 1967). Albumet vart det første og einaste som vart produsert av the Stones sjølv. Produksjonen fekk særleg hard kritikk av Jon Landau i musikkmagasinet Rolling Stonehttp://beatpatrol.wordpress.com/2008/09/23/the-rolling-stones-their-satanic-majesties-request-1967/ og for dei neste albuma fekk the Stones hjelp av Jimmy Miller til å produsere albuma sine. For dei neste albuma gjekk òg Stones tilbake til den hardare bluesstilen dei hadde starta karrieren sin med

Arbeidstittelen på albumet var Cosmic Christmas. Albumet vart gjeve ut i Sør-Afrika som The Stones are Rolling fordi den originale tittelen inneheldt ordet «Satanic».

Berre to songar på albumet er spelte på konsertar av the Rolling Stones, «2,000 Light-years From Home» (1989 og 1990) og «She’s a Rainbow» (1997-1998).

Bill Wyman-komponerte «In Another Land» vart gjeven ut som singel.

Innhald

Medverkande Kjelde:

The Rolling Stones Mick Jagger – solovokal , korvokal , perkusjon , maracas , klokkespel , tamburin Keith Richards – elektrisk gitar , korvokal , akustisk gitar , fuzz bass , bassgitar Brian Jones – Mellotron , fløyte , perkusjon , saksofon , lydeffektar , akustisk gitar , vibrafon , munnharpe , brass , orgel , elektrisk dulcimer , blokkfløyte , harpe , konsertmunnspel Bill Wyman – bassgitar , perkusjon , solovokal , piano , orgel , Mellotron , oscillator Charlie Watts – trommer , tamburin , perkusjon , congatrommer , tabla , claves ,

Andre medverkande Nicky Hopkins – piano , orgel , cembalo John Paul Jones – strykearrangement Ronnie Lane – korvokal Steve Marriott – korvokal Eddie Kramer – claves

Salslister Vekeslister ÅrListePlassering1967UK Albums Chart3Everyhit.com Type «Rolling Stones» under «Name of Artist»1967Den franske SNEP-lista1 Note: user must select 'The Rolling Stones' from drop-down.1968Billboard 20021968Den australske albumlista 1List of number-one albums in Australia during the 1960-åra

Singlar ÅrSingelListePlassering1967«In Another Land»Billboard Hot 100871968«She's a Rainbow»Billboard Hot 10025

Salstrofé LandSelskapSalstroféUSARIAAGull

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Their Satanic Majesties Request» frå , den 28. februar 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:Decca Records-album Kategori:London Records-album Kategori:Engelske psykedeliske rockealbum Kategori:Psykedeliske popalbum Kategori:Acidrock-album