Let It Bleed er eit album av The Rolling Stones frå desember 1969. Det var oppfølgjaren til Beggars Banquet (1968) og kom ut kort tid etter ein amerikansk turne i 1969.
Historie Sjølv om dei hadde starta på innspelinga av songen «You Can’t Always Get What You Want» i mai 1968, før Beggars Banquet kom ut, starta innspelinga av Let It Bleed for fullt først i februar 1969 og heldt fram sporadisk fram til november. Brian Jones medverkar berre på to spor, med autoharpe på «You Got the Silver» og perkusjon på «Midnight Rambler». Erstatninga hans, Mick Taylor, spelar òg på to spor, «Country Honk» og «Live With Me». Keith Richards, som alt hadde delt vokal med Mick Jagger på eit fåtal songar («Connection», «Something Happened to Me Yesterday» og «Salt of the Earth»), song sin første solovokal på ein Rolling Stones-song med «You Got the Silver».
I 1968 hadde Richards vore litt saman med Gram Parsons i London, etter Parsons hadde forlate The Byrds kvelden før dei drog på turne i Sør-Afrika. Dette møtet hadde stor innverknad på Richards sin smak for country, og kanskje som følgje av dette spelte bandet inn honky-tonk-songen «Country Honk», ei raskare rock and roll-utgåve av songen som kom ut som deira neste singel, «Honky Tonk Women». Albumutgåva hadde med felespelaren Byron Berline, som arbeidde med Parsons seinare i karrieren hans. Parsons tok ofte æra for å ha arrangert «Country Honk», medan både Jagger og Richards har sagt at det var deira eige arrangement. Uansett hadde Parsons ved å introdusere bandet for tradisjonell country påverka denne musikalske endringa. Parsons spelte seinare inn si eiga utgåve av songen, som hadde element frå begge versjonane.
Plata vart innspelt under den siste perioden medan Jones var med i bandet (og i live). I tillegg til å verte rekna som ein av klassikarane til bandet er han det andre av ei rekkje av det som vert rekna som dei fire aller beste studioalbum deira, Dei andre tre er Beggars Banquet (1968), Sticky Fingers (1971) og Exile on Main Street (1972).
Let It Bleed kom ut i desember og nådde førsteplassen i Storbritannia og tredjeplassen i USA. I Noreg gjekk albumet rett inn på andreplassen og vart liggande der samanhengande i ti veker, heile tida bak The Beatles sitt Abbey Road. Albumet vart òg kritikarrost.
I 1998 stemte lesarane av musikkmagasinet Q albumet fram til 69. plass på lista over dei største albuma gjennom tidene, medan same magasin plasserte det på 28. plass over dei 100 største britiske albuma nokon gong. I 2001 plasserte fjernsynskanalen VH1 songen på 24. plass på lista deira over dei største albuma, og i 2003 hamna albumet på 32. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 største musikkalbuma gjennom tidene.
Let It Bleed har seld over 7 million eksemplar verda over sidan 1969.
Innhald
Medverkande
The Rolling Stones Mick Jagger – solovokal , korvokal , munnspel , akustisk gitar Keith Richards – elektrisk gitar , akustisk gitar , korvokal , bassgitar , solovokal Brian Jones – conga , autoharpe Bill Wyman – bassgitar , autoharpe , vibrafon Charlie Watts – trommer Mick Taylor – slidegitar , elektrisk gitar
Andre medverkande Ian Stewart – piano Nicky Hopkins – piano , orgel Byron Berline – fele Merry Clayton – solovokal Ry Cooder – mandolin Bobby Keys – tenorsaksofon Jimmy Miller – perkusjon , trommer , tamburin Leon Russell – piano og blåsearrangement Jack Nitzsche – korarrangement Al Kooper – piano, valthorn and orgel Nanette Workman – korvokal (ikkje skodepelaren Nanette Newman slik det står på plateomslaget) Doris Troy – korvokal Madeline Bell – korvokal Rocky Dijon – perkusjon The London Bach Choir – vokal
Salslister Liste (1969–70)PlasseringAustralia (Kent Music Report)2Liste (2007)PlasseringListe (2012)Plassering
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Let It Bleed» frå , den 1. mars 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Musikkalbum frå 1969 032 041 Kategori:Album produserte av Jimmy Miller Kategori:Decca Records-album Kategori:London Records-album Kategori:Countryrockalbum Kategori:Album spelte inn i Sunset Sound Recorders