Patricia Lee «Patti» Smith () er ein USA-amerikansk vokalist, låtskrivar, poet og artist som hadde stor påverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt frå 1975, Horses. Ho har vorte kalla «gudmora til pønken» og var den som integrerte den poetiske beat-framføringsstilen med trestemd rock. Tilvisingane i songane hennar leidde amerikanske tenårinar til fransk poesi frå 1800-talet, medan den «ikkje-kvinnelege» språkbruken hennar utfordra disko-perioden. Smith er best kjend for songen «Because the Night» som ho skreiv i lag med Bruce Springsteen. Songen nådde 13. plass på Billboard Hot 100-lista i 1978. I 2005 vart Patti Smith oppnemnd til kommandør av Ordre des Arts et des Lettres av den franske kulturministeren, og i 2007 vart ho teken med i Rock and Roll Hall of Fame.
Diskografi Studioalbum Horses (1975) Radio Ethiopia (1976) Easter (1978) Wave (1979) Dream of Life (1988) Gone Again (1996) Peace and Noise (1997) Gung Ho (2000) Trampin’ (2004) Twelve (2007) Konsertalbum og EP-ar Hey Joe / Radio Ethiopia (1977) Set Free (1978) Live aux Vieilles Charrues (2004) Horses/Horses (2005) Samlealbum The Patti Smith Masters (1996) Land (1975-2002) (2002)
Bibliografi Seventh Heaven (1972) A Useless Death (1972) kodak (1972) Early morning dream (1972) Witt (1973) Ha! Ha! Houdini! (1977) Gallerie Veith Turske (1977) Babel (1978) Woolgathering (1992) Early Work: 1970 - 1979 (1994) The Coral Sea (1996) Patti Smith Complete (1998) Wild Leaves (1999) Strange Messenger (2003) Auguries of Innocence (2005)
Fotnotar
Kategori:USA-amerikanske musikarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Folk frå Chicago