Ingøy kyrkje står i fiskeværet Ingøy nord på Ingøya i Måsøy kommune i Finnmark og er ei langkyrkje frå 1957 bygd i betong og tre. Arkitekt for bygget var Eyvind Moestue.

Soknerådet i Måsøy ynskjer pr. 2014 å kvitte seg med kyrkja, dei som vil halde henne ved like kan få henne gratis. Viss det ikkje fører fram kan dei kome til å avvigsle henne og selje bygget. Grunnen er at det trengst storvøle på særleg grunnmuren, noko dei ikkje har råd til å betale for.

Tidlegare kyrkjer mini|venstre|Den tidlegare kyrkja, som vart brend av tyskarane under krigen. Den fyrste kyrkja ein kjenner til på Ingøy var truleg frå 1300–1400-talet. På 1700-talet var denne kyrkja komen i svært dårleg stand, og i 1747 vart kyrkja flytt til Måsøya. I 1860-åra vart det igjen bygd kyrje på Ingøya. Denne kyrkja vart mykje skada i ein orkan og måtte gjenoppbyggast i 1880-åra. Kyrkja stod til ho vart brend ned av dei tyske styrkane då dei trekte seg ut av Finnmark i 1944. Dagens kyrkje vart bygd i åra 1956–1957.

Kjelder

Statsarkivet: «Måsøy sokneprestembete» «Oversikt over nåværende kirker» på nettstaden kirkekonsulenten.no Redaktør: Alf Henry Rasmussen «Ingøy kyrkje» på s. 100 i Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Måsøy Kategori:Kyrkjer i Hammerfest prosti Kategori:Eyvind Moestue Kategori:Norske kyrkjer frå 1957 Kategori:Kulturminne i Måsøy Kategori:Langkyrkjer i Nord-Hålogaland bispedømme