Merete Agerbak-Jensen () er ein norsk lokalpolitikar for Høgre. Ho er byråd for byutvikling i Oslo, eit verv ho har hatt sidan oktober 2006.
Agerbak-Jensen sat i bystyret i periodane 1987–91, 1991–95 og 1999–2003. Ho sat då i kultur- og utdanningskomiteen. Frå 1992 til 1995 var Agerbak-Jensen byrådssekretær for teknisk, samferdsle og miljø, og frå 1998 til 2000 var ho byråd for miljø og samferdsle. Ho har òg vore nestleiar i Oslo Høgre (1998–2001). I periodane 1993–1997 og 1997–2001 var ho vararepresentant på Stortinget for Oslo.Biografi på Stortinget.no.
Agerbak-Jensen er utdanna journalist frå Norsk journalisthøgskole (1994). Ho har også grunnfag i litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo (1992). Agerbak-Jensen har tidlegare arbeidd som journalist i Akers Avis (1987–1990) og VG (1995–1997), kommunikasjonsmedarbeidar i NORAD, kommunikasjonsdirektør i Avinor og informasjonsdirektør i Oslo Sporveier.
Kjelder Knut Olav Åmås [red.]: «Agerbak-Jensen, Merete» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Biografi på nettsidene til Oslo bystyre
Kategori:Byrådar i Oslo Kategori:Politikarar frå Oslo Kategori:Høgrepolitikarar i Oslo Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske journalistar