Sitnica (serbisk skrift Ситница, albansk Sitnicë) er ei 90 km lang elv i Kosovo. Ho munnar ut i Ibar ved Kosovska Mitrovica og er den lengste elva som berre renn innanfor grensene til Kosovo.
Historie På 1300-talet, under regjeringstida til kong Milutin, vart det grave ut ein kanal mellom Sazlija og elva Nerodimka. Dette skapte ei kunstig forgreining, og sidan den gong har Nerodimka rend sørover og ut i Lepenac, slik at ho høyrer til nedslagsfeltet til Egearhavet i staden for Svartehavet, som Sitnica og Ibar. Etter den andre verdskrigen vart kanalen dekt med jord igjen.
Geografi
Sitnica spring ut frå Sazlija, nord for byen Uroševac. Sitnica er den største elva på Kosovosletta og renn vest for hovudstaden Pristina. Ho munnar ut i Ibar ved Kosovska Mitrovica med ei middelvassføring på 9,5 m³/s.
Elva er relativt slak og drenerer eit område på 3129 km². Det totale fallet hennar er om lag 60 meter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sitnica» frå , den 17. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
Kategori:Elvar i Kosovo